
Saka gjaldt gyldigheita av ei oppseiing, og dersom oppseiinga var ugyldig, spørsmålet om arbeidsforholdet likevel skulle avsluttast, jf. arbeidsmiljølova § 15-12 første ledd andre punktum.
A var tilsett som nettredaktør (ansvarleg redaktør) for Kulturnett X i fylkeskommunens kulturetat. I oktober 2005 blei han gripen av politiet mistenkt for krenkjande, seksualisert åtferd i form av chatting på nettet med ei jente som han visste var mindreårig.
A orienterte arbeidsgivaren om pågripinga, om at det ville bli teke ut tiltale, og om når straffesaka ville bli handsama i tingretten. Straffesaka fekk mykje omtale i dei lokale avisene. Tingretten fann han skuldig i eitt brot og eitt forsøk på brot på straffelova § 201 bokstav c og dømde han til fengsel på vilkår i 45 dagar og ei bot. Dommen blei ikkje anka.
Då dommen låg føre, orienterte han arbeidsgivaren om dette og viste til forsvararen sin for nærmare orientering. Han søkte permisjon frå stillinga som nettredaktør, men heldt fram som IKT-rådgivar. I august 2006 blei det frå eksternt hald reist spørsmål ved om han framleis burde vere tilsett i fylkeskommunen, og medio september blei den eine chatten offentleggjord av nettavisa lokalt og i VG. Oppslaga blei følgde opp med intervju med blant andre fylkespolitikarar. A fekk permisjon frå stillinga og har ikkje seinare vore i arbeid.
A blei sagd opp 20. mars 2007. Han gjekk til søksmål med påstand om at oppseiinga måtte kjennast ugyldig, og krav om erstatning. I tilsvaret sette fylkeskommunen subsidiært fram krav om at A skulle påleggjast å slutte i stillinga, jf. arbeidsmiljølova § 15-12 første ledd andre punktum, og påstand om at han skulle fråtre stillinga mens domstolen handsama saka. Tingretten frifann, under dissens, fylkeskommunen og påla A å slutte i stillinga. Lagmannsretten kom til at oppseiinga var ugyldig fordi det hadde gått så lang tid, men la til grunn at det ville vere openbert urimeleg om arbeidsforholdet heldt fram.
Høgsterett kom til at oppseiinga av A måtte kjennast ugyldig. Sjølv om det ikkje var inngått nokon ny formell arbeidsavtale i mars 2006, måtte det leggjast til grunn at det då – som ein konsekvens av det straffbare forholdet – hadde skjedd ei varig endring av ansvars- og tilsetjingsforholdet hans. Oppseiinga gjaldt stillinga som nettredaktør, ei stilling han ikkje lenger hadde, og oppseiinga var dermed ugyldig. I eit obiter dictum sa Høgsterett seg einig med lagmannsretten i at fylkeskommunen hadde brukt altfor lang tid i saka, ettersom faktum var klarlagt gjennom straffedommen.
Sidan As stilling i fylkeskommunen var endra etter straffedommen, kunne Høgsterett ikkje sjå at det var grunn til at arbeidsforholdet skulle opphøyre etter arbeidsmiljølova § 15-12 første ledd andre punktum.
Juspod
Juspod gir deg en rask innføring i sentrale arbeidsrettslige emner gjennom å gi deg Høyesteretts vota i de mest sentrale dommene behandlet etter arbeidsmiljøloven.
Så kan du også se Norges største kurs i arbeidsrett helt uten kostnad ved å følge lenken her: